05/06/2026
I dag markerer vi verdsmiljødagen. Dagen er ei påminning om kor viktig det er å ta vare på naturen og finne løysingar på dei store miljøutfordringane.
Signala frå kloden er tydelege. Aukande havnivå, skogbrannar, hetebølgjer og smeltande isbrear viser konsekvensane av klimaendringane stadig klarare. No er tida inne for å lytte meir enn nokon gong. Og det gjer vi allereie.
Vi utdanna framtidas miljøforvaltarar og forskarane våre bidreg med ny kunnskap og løysingar som tek omsyn til natur, klima og samfunn.
Emma Stadaas og Marthe Sophie Røllander ser fram til å bidra. Gjennom bachelorstudiet i natur- og miljøforvaltning ved campus Bø får dei kunnskapen og erfaringa som trengst for å forstå, forvalte og bevare naturen for framtidige generasjonar.
– Vi angrar ikkje eit sekund på studievalet. Det er spennande, relevant og vi kan jobbe med mykje ulikt når vi er ferdige, seier Emma og Marthe Sophie.