24/09/2026
Er du klar når sola snur? Søk vidareutdanning innan 30.9. (Link i kommentar)
NVE spår i ny rapport at solkraftproduksjonen i Noreg er venta å auke frå dagens nivå til 1,7 TWh i 2030. Det er ein auke på 1 TWh dei neste fem åra. Same rapport viser at mange solkraftprosjekt står i kø for få knyte seg til nettet.
Sjølv om det er lågkonjunktur nett no, vil det bli bruk for fagfolk som kan planlegge og montere anlegg. Det blir også behov for kompetanse på fleksibiltiet og energilagring.
Med vår 10-vekers emne «Innføring i solenergi, energilagring og aktuelle regelverk» får du derfor ikkje berre solkompetanse, men også kunnskap om lagring, batterianlegg og alternative energiberarar. Du får kompetanse på den fleksibiliteten kraftsystemet vil trenge meir av, når sol- og vindkraft skal utgjere ein stadig større del av energimiksen.
Emnet er på 10 studiepoeng på deltid. Seinare kjem også emna: Installasjon, styring, KI og vedlikehald og Distribuerte energisystem, nettintegrasjon og systemutfordringar.
Bli med no og gjer bedrifta di klar for solskinn! ☀️