27/10/2026
Kan Trump skru av Noreg?
Norske sjukehus, kommunar og offentlege verksemder er avhengige av teknologi frå amerikanske selskap. Kva skjer dersom tilgangen til teknologien ein dag blir brukt som politisk pressmiddel?
– Vi er heilt avhengige av amerikansk teknologi, og vi kjem ikkje til å bli mindre avhengige i tida som kjem. Difor må vi finne ut korleis vi skal handtere denne avhengnaden, seier NUPI-forskar Niels Nagelhus Schia.
Torsdag inviterer Lytring til debatt om teknologisk avhengnad og nasjonal tryggleik. Du er invitert!
📅 Torsdag 29. oktober kl. 18.00
📍 Stormen bibliotek i Bodø
💻 Debatten blir òg strøymd på YouTube