10/09/2026
Denne veka gjekk startskotet for helseleiarutdanninga på Voss! 👩🏼⚕️👨🏽⚕️
22 studentar frå helsetenestene i Voss herad, Eidfjord kommune, Ulvik herad, Ullensvang kommune og Vaksdal møttest til første samling - leiarar, tilsette og rådgjevarar. Det er første gong denne utdanninga blir gjennomført her! 👩🏼⚕️👨🏽⚕️
HVK Studiesenter er lokal arrangør, Voss herad er vertskommune, og utdanninga kjem frå Universitetet i Innlandet. Kursleiar Anja Tjelflaat frå Ambia og førelesar Henriette Melsom stod for opplegget på samlinga.
Første emne handlar om å leie medarbeidarar med reelt handlingsrom, og om å utvikle seg i si eiga leiarrolle. Undervisninga tek utgangspunkt i studentane sin eigen arbeidskvardag - her blir praksis knytt til teori, ikkje omvendt.
Og kvifor betyr det så mykje at utdanninga skjer lokalt? Vi lét studentane svare sjølve:
"Tre ungar, leiarstilling og gard - heilt avgjerande for meg at dette er lokalt."
"Fantastisk moglegheit å få til når vi er godt vaksne. Det hadde nok ikkje blitt gjort elles. Vi er heldige som får vere med på dette."
Vi gler oss til å følgje kullet vidare gjennom året 💚
Foto: Åsmund Aarsand
Hardanger og Voss Næringshage Næringshagen i Ullensvang Kvinnherad Næringsservice Visit Voss Visit Hardangerfjord Vestland fylkeskommune