Studentmållaget i Oslo

Studentmållaget i Oslo Studentmållaget i Oslo er ein studentorganisasjon for språkinteresserte studentar i Oslo. Me er ein del av Norsk Målungdom. Nynorsk

Den nye logoen vår vart avduka på SmjØd på torsdag!🥳 Elles var det ein kjekk kveld med veldig godt oppmøte. Me prata om ...
06/09/2026

Den nye logoen vår vart avduka på SmjØd på torsdag!🥳 Elles var det ein kjekk kveld med veldig godt oppmøte. Me prata om høgt og lågt imellom bøkene i Bokkaféen, gledde oss til hytteturen neste helg, og sjølvsagt måtte me avrunda med litt babb heilt til slutt. 😎😎 Logodesign er av Kris. :)

Hei og hopp SmiO-banden!🙌 Vårt neste sprell er no klart, me skal på hyttetur, på Hordahytta i Lillomarka laurdag 12. til...
25/08/2026

Hei og hopp SmiO-banden!🙌

Vårt neste sprell er no klart, me skal på hyttetur, på Hordahytta i Lillomarka laurdag 12. til sundag 13. september!🤩

Det vert frisk luft, kjekt program, tako og gode samtalar.😌 Me ordnar dugurd, middag og frukost, so er det berre å ta med snæks til seg sjølv og for å dela!🙏 Det er òg lov å ta med drikke, men drikkepresset må vera att heime.🫵🚫

Ein må vera medlem i Norsk Målungdom for å verta med. Lenkja til påmeldingsskjemaet finn du i bioen vår på Instagram. Me sest!🫡

Nynorsk fadderveke gjekk heilt heidundrande bra føre seg!🥳 Me har mellom anna vore på teater, ete graut, hatt nynorske d...
24/08/2026

Nynorsk fadderveke gjekk heilt heidundrande bra føre seg!🥳

Me har mellom anna vore på teater, ete graut, hatt nynorske drikkeleikar og fyrst og fremst vore i godt sosialt lag og vorte kjende med nye språkinteresserte studentar av ulike slag.🤠

Og nye folk vart det! Det lovar altso godt for framtida til SmiO. Framover skal me på hyttetur, meir teater, stå for den gode språkpolitikken som fremjar alle, og rett og slett ha det godt i lag.😌

Me sest!😎

Det går an. Det skal skje. Vert med!🤩 Studentmållaget i Oslo fyrer av startskotet på hausten med eit sant smell når me s...
10/08/2026

Det går an. Det skal skje. Vert med!🤩

Studentmållaget i Oslo fyrer av startskotet på hausten med eit sant smell når me skipar til vår eiga fadderveke!😯🥳

Er du ny student og fekk ikkje nok av fyrste fadderveka, er du gamal student og vil få fart i den slitne studentkroppen mange år etter ditt fyrste semester, eller berre likar du nynorsk, dialektar, språk og mangfald generelt?🤔

Gå ikkje glipp av denne mogelegheita!🕺💃😍

NB: Det einaste ein må melda seg på er teater på tysdag. Påmeldingsskjemaet ligg i storyen vår og bioen vår på instagram.

God sumar alle i hop! Me i SmiO tenkte det ville vore lurt og nyta det gode vêret med gode folk. Difor inviterer me til ...
30/06/2026

God sumar alle i hop! Me i SmiO tenkte det ville vore lurt og nyta det gode vêret med gode folk. Difor inviterer me til den fyrste sumar-Smjøden nokosinne! Laurdag kl. 18:00 i Ivars Aasens hage og mange andre stader utover kvelden! Ta med god drikke og god stemning!

09/06/2026

Sidemålsordninga + karakter = sant!❤ Bli medlem i Mållaget, og støtt språkmangfald💪

Lenke i kommentarfeltet👇

Kransenedlegginga ved grava til Ivar Aasen på nasjonaldagen vart storsuksess med stort oppmøte og storfint vêr!🎉🇧🇻Erlend...
20/05/2026

Kransenedlegginga ved grava til Ivar Aasen på nasjonaldagen vart storsuksess med stort oppmøte og storfint vêr!🎉🇧🇻

Erlend Loe heldt ein fin, humoristisk men òg klok tale, Vokal Vivo bidrog med nydeleg kormusikk, kransa vart lagt ned og ikkje minst song me alle Nordmannen til slutt. Me sest ved bautaen om eit år!🙌

For ein dag! I går var SmiO med på nynorsk gatefest med Oslo mållag . Det var livemusikk, kake, Mozell og god stemning!L...
13/05/2026

For ein dag! I går var SmiO med på nynorsk gatefest med Oslo mållag . Det var livemusikk, kake, Mozell og god stemning!

Leiar Endre var faneberar opp åt baudaen til Ivar Aasen på Vår Frelsers gravlund. Der la me ned ein blome og song nordmannen for me gjekk ned att og heldt festen gåande!
I
Om du gjekk glipp av høve til å feira nynorsken og Ivar eller veit at kvar dag er ein nynorsk dag har me eit gladnyhende! SmiO skal som alltid leggja krans på baudaen 17. Mai kl. 9 – i år er det Erlend Loe som held tale!

Me gler oss til neste gong!😀
10/05/2026

Me gler oss til neste gong!😀

Vi har feira messe på nynorsk saman med Studentmållaget i Oslo i Oslo domkirke og det var aldeles nydeleg. Takk alle som gav og delte!

I dag drog me til Oslo Domkyrkje for ei høgtidleg markering av nynorskveka! Det var nemleg nynorsk høgmesse, og studentm...
10/05/2026

I dag drog me til Oslo Domkyrkje for ei høgtidleg markering av nynorskveka! Det var nemleg nynorsk høgmesse, og studentmålungdomen var tungt
involvert!😎

Nestleiar Herman og styremedlem Lucas las ifrå den gamle boka, både ifrå den moderne nynorskutgåva og ifrå sjølvaste fyrebilsbibelen, som SmiO sjølv gav ut i 1921 som fyrste heile bibelen på norsk! Leiar Endre stod ved inngangen og ynskte velkomen, og var òg med på å dela ut nattverden.🙏

Etter den salige seansen i domkyrkja drog me og åt ein ordentleg SmiOlønsj, ein SmØnsj! På nynorskkafeen Erketunet Gardsbakeri. Med andre ord har det vore nok ein vellukka dag for SmiO!🤩

Adresse

Slemdalsveien 15
Oslo
0369

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Studentmållaget i Oslo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Snarveier

Del