18/09/2026
Den UNESCO – lista skjærgården i Finland🇫🇮❗️
I den sørvestlege delen av Finland finn vi Archipelago Sea UNESCO Biosphere Reserve, eit av verdas mest omfattande skjærgårdsområde med om lag 6 500 øyer og holmar. Området fekk UNESCO-status i 1994 og er eit føredøme på korleis naturvern, lokalsamfunn og berekraftig reiseliv kan utviklast hand i hand.
For reiselivet er dette ein destinasjon som kombinerer spektakulær natur, levande kystkultur og autentiske opplevingar. Besøkande kan utforske øyane med sykkel, kajakk eller båt, smake lokal mat og oppleve ei av Europas mest unike skjærgårdar.
Ei av dei mest særprega øyane i området er Seili (Själö). I dag er øya eit fredeleg reisemål, men historia er både dramatisk og tankevekkjande. På ordre frå Gustav II Adolf av Sverige vart det etablert ein koloni for spedalske her i 1619. Pasientane som kom til Seili visste ofte at dei aldri ville forlate øya att.
Då spedalsksjuka etter kvart forsvann frå Finland, vart øya omgjord til mentalsjukehus. Frå 1700-talet og fram til 1962 vart psykisk sjuke pasientar sende hit. Mange av dei var kvinner som vart vurderte som «vanskelege», deprimerte eller avvikande etter datidas normer. Øya utvikla seg til å bli den største institusjonen av sitt slag i Finland.
I dag er den tidlegare sjukehusøya eit viktig kulturhistorisk reisemål. Den vakre trekyrkja frå 1733 står framleis på øya, og fleire av dei gamle sjukehusbygningane er bevarte. Me fekk vere med på guida vandring og fekk formidla historia til pasientar samstundes som me fekk sjå den unike naturen i dette UNESO-området. Øya husar no Archipelago Research Institute ved University of Turku, som forskar på miljøet i skjærgarden og Austersjøen.
Seili er eit godt døme på korleis moderne reiseliv kan formidle både natur- og kulturarv. Her møtest UNESCO-verna natur, mørk historie, forsking og berekraftig turisme i ei oppleving som set spor.