21/10/2026
Gratulerer så mykje til professor Jan Terje Kvaløy! Han er ein av Noregs leiande statistikarar innan medisinsk forsking. No blir det harde arbeidet belønna med Lyses forskingspris 🏆
Kvaløy har mellom anna vore med på Safer Births-programmet, der statistiske metodar er brukt for å dokumentere redusert dødelegheit blant mødre og nyfødde i lågressursland. Han har også bidrege til forsking som har danna grunnlag for å betre hjarte- og lungeredning ❤️🩹
Kvaløy er professor i statistikk ved UiS og biostatistikar ved Stavanger universitetssjukehus. Forskinga hans spenner frå medisinsk statistikk og risikoanalyse til metodeutvikling 📈
– Forskinga er viktig fordi ho bidreg til betre analysar av data. Slik kan me trekke meir pålitelege konklusjonar og ta betre avgjerder basert på tilgjengeleg informasjon, seier Kvaløy.
Gyrid Holmen, konserndirektør for HR i Lyse, trekker fram Kvaløys betydning for forskingsmiljøa både ved UiS og SUS.
– Kvaløy har styrkt både tverrfagleg forsking og kompetansebygging innan helse, risiko og tryggleik, seier Holmen.
Ho deler ut prisen på universitetets årsfest 29. oktober.