02/11/2026
📚✨ Sørlandsk lærarstemne nærmar seg!
Fredag 6. november ønskjer vi rundt 1500 ansatte i barnehage og skole velkomne til Campus Kristiansand for ein dag fylt med fagleg påfyll, inspirasjon og nye perspektiv. Skal du til campus denne dagen, kan det vere lurt å vurdere buss, sykkel eller andre alternativ til bilen, då det er venta ekstra stor belastning på parkeringsområda.
På programmet står mellom 40 og 50 kurs innan tema som språk, leik, inkludering, kunstig intelligens, demokrati og berekraft. Årets opningsforedrag blir halde av den internasjonalt anerkjende dokumentarfilmskaparen og UNESCO-ambassadøren Deeyah Khan, som skal snakke om dialogens kraft.
Vi gler oss til å samle kollegaer frå heile regionen til ein inspirerande dag på UiA! 🙌
Fredag 6. november blir Campus Kristiansand fylt av lærarar i barnehage og skole frå heile regionen når Sørlandsk lærarstemne går av stabelen. Stemnet har vore ein viktig møteplass for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og inspirasjon for lærarar i mange år.