05/06/2026
68 skular og over 4000 elevar. Frå Karasjok i nord til Kristiansand i sør.
Nå er vi i mål!
👦 👧 Førre veke testa vi fjerdeklassingar på Årvoll skole i Oslo som dei siste elevane i UngKan4.
🤔 Dei siste to åra har vi halde på med kartlegginga som skal gje oss oppdatert status på korleis det står til med aktivitetsnivået og den fysiske forma blant barn og unge i Noreg.
🤸♂️ 1,4 og 10.klassingar har vore gjennom fysiske testar som gripestyrke, sit-ups, stille lengde og kondisjonstest. I tillegg har dei gått med aktivitetsmåler i ei veke.
– Dette er den fyrste kartlegginga etter koronapandemien. Vi er svært spente på om nedstengninga av skular og idrett, og større tilgang til skjerm, har påverka aktivitetsnivået til barn og unge, seier professor og prosjektleiar, Jostein Steene-Johannessen.
Kartlegginga blir gjennomført i samarbeid med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.
– UngKan4-dataa vil gje Noreg nye unike data der aktivitetsmålar er nytta for å registrere fysisk aktivitet og tid i ro blant 6-, 9- og 15-åringar. Vi såg i UngKan3 at aktivitetsnivået hadde gått ned blant 9-årige gutar. Det blir veldig spennande å sjå kva trendane i UngKan4 vil vise, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.
Tidleg i 2027 veit vi langt meir om status for fysisk form og kor aktivitetsnivå blant norske barn og unge er.
Oppdaterer sjølvsagt i NIHs kanalar 👋